Songkoret Bygdaklang er eit blandakor med omlag 40 songarar. Me vart skipa i 1985 då koret frå Bordalen og koret frå Borstrondi slo seg saman til eitt. Sidan har Bygdaklang gledd både seg sjølve og andre med mange vakre tonar. Dirigenten vår er Lars-Erik Haga!
Kom og bli med
Me møtast kvar onsdag i skuleåret Kl. 18:30 - 20.45 i Festsalen på Voss gymnas.
Har du lyst til å synge saman med oss? Me vil gjerne ha med fleire! Du treng ikkje vere erfaren – her er det plass til både deg som har sunge i kor før, og deg som berre har hatt lyst til å prøve. Ta med deg ein ven, kollega eller berre deg sjølv – du er velkomen uansett! Så… kanskje det er på tide å gjere alvor av den songstemma du brukar heime? Me sjåast
Denne hausten har me mykje kjekt i vente! Me skal nemleg bruke tida fram mot vårkonserten på å øve inn flotte songar frå ulike musikalar.
I tillegg til musikalkonserten i april 2027, vil me som vanleg halda jolekonsertar, syngja på sjukeheimar og arrangera "Syng med oss". Me tek og "på sparket"-oppdrag med syngjing på diverse kulturarrangement på Voss.
Om du lurer på korleis det høyres ut når me syng, kan du trykke på lenka under. Opptaket er frå konserten med hadde i juni 2025: "Skifersongen" på Hedleberget som er eit historisk spel i frå skiferdrifta og dagleglivet i Kytesgrenda på 1920/30-talet (tekst og tone Jan jøssang).
https://www.facebook.com/share/v/1D6dwco8Nd/
