Songkoret Bygdaklang vart skipa i 1985 då koret frå Bordalen og koret frå Borstrondi slo seg saman til eitt. Sidan har Bygdaklang gledd både seg sjølve og andre med mange vakre tonar.

Kom og bli med

Dersom du har lyst til å syngja med oss i Bygdaklang, ta kontakt med leiar Margun Torget Østrem eller nestleiar Olav Langesæter. Me har inga opptaksprøve.

  • Me øver onsdagar i skuleåret, kl 18.30 - 20.45 i Festsalen på Voss Gymnas
  • Dirigent er Lars-Erik Haga

Me vil som vanleg halda jolekonsertar, syngja på sjukeheimar og arrangera "Syng med oss". Me tek og "på sparket"-oppdrag med syngjing på diverse kulturarrangement på Voss. Det store prosjektet som med vil øva på etter jol, vil vera songar frå kjente muikalar som me vil framføra hausten 2026. Om du vert med no, har du god tid til å læra songane i saman med oss.

Om du lurer på korleis det høyres ut når me syng, kan du trykke på lenka under. Opptaket er frå konserten med hadde i juni 2025: "Skifersongen" på Hedleberget som er eit historisk spel i frå skiferdrifta og dagleglivet i Kytesgrenda på 1920/30-talet.

https://www.facebook.com/share/v/1D6dwco8Nd/


Lag din egen hjemmeside gratis!