Bygdaklang

Konsertar

Komande konsert

22. mars 2026 kan du koma i Nain til "Syng med oss". Gratis inngang, god mat, loddsal med fine vinstar, vakker korsong og allsong. 

Tidlegare konsertar

17.desember i Bolstad kapell, 19.desember i Nain og 21. desember i Vinje kyrkje: Jolakonsertane "JOL over bygda" saman med Strendingen. 

5. desember i Kulturhuset var me saman med mange andre lag på festen for å feira at Voss var nominert til Årets kulturkommune i 2025. Her var fleire innslag frå det rike kulturlivet vårt (inkl. frå Bygdaklang!) Dette var og ei feiring av alle dei som gjer Voss til ein stad med skaparglede og sterke kulturtradisjonar. 

2.november. "Syng med oss" i Nain. Fullsett sal med vakker song, god mat og fine vinstar

13. og 14.juni 2025 framførte me "Skifersongen" i Hedleberget på Kyte. Nokre bilete frå framføringa (foto: Inger Johanne Gullbrå):

Bygdafolket
Bygdafolket
Kapitalistane
Kapitalistane
Urkraften - Grim Kyte
Urkraften - Grim Kyte
Jenta som vart svikta av kjærasten sin
Jenta som vart svikta av kjærasten sin

For dei som abonnerar på "Hordaland" kan de lesa ei flott omtale, og også der fine bilete i reportasjen "Skifer, streik og kjærleik – bli med til Hedleberget!"  

Lag din egen hjemmeside gratis!