Om Bygdaklang
Songkoret Bygdaklang oppstod i 1985 då koret frå Bordalen og koret frå Borstrondi slo seg saman til eitt.
For tida er me 36 songarar.
- Me øver onsdagar i skuleåret, kl 18.30 - 20.45 i Festsalen på Voss Gymnas
- Dirigent er Lars-Erik Haga
- Leiar er Margunn Torget Østrem
Dersom du har lyst til å syngja med oss, ta kontakt med leiar. Me har inga opptaksprøve.
Fyrste øving etter ferien er 20.august 2025.
Me skal ha ein jubileumskonsert med musikal-tema i april 2026. Me byrjar øvingane i haust og me vil ha eit seminar 19.-20. september med god og intens øving.
Av aktivitetar elles i koråret 2025 - 2026 kan me nemna julekonsertar på Bolstad, Vinje og i Nain, me vil syngja på sjukeheimar, arrangera "Syng med oss" og ikkje minst ha kjekke øvingskveldar med gleda av å syngja i lag.